mandag 5. mars 2012

Oppgave A

Han så ganske redd ut der han gikk. Lei seg. Men gutane kunne ikkje sjå det. Dei bare følgde vidare etter ham, som om dei var kjøttlystne hyenar, ropte ukvemsord til han. Eg bare sto der, på andre sida av gata, sa ingenting. Eg bare sto der og så på gutane følgje etter den stakkarslege mannen som ikkje hadde gjort nokon ting. Kva skulle eg gjere? Eg kunne ikkje bare stå og sjå på ein uskyldig mann bli hetsa og mobba. Så eg opna munnen, prøvde å seie noko. Eg sat i gong stemmebandet, det vibrerte, dirra, eg prøvde å presse nokon ord ut. Men i staden kom det nokon hese utpust som ikkje kunne høyrast. Så eg lat det bare passere. Så mannen gå vidare nedover, med to hyenar på slep. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar