torsdag 8. mars 2012

Oppgåve C)

Utseende
Personlegheit
Interessar
Briller
Rolig tilverelse
Aksjar
Joggebukse
Sanksjonsfull
Counter Strike
Avslappa
Morosam
Hotel Cæsar

Hissig
Macroøkonomi








Situasjonar:
-         -  Fleire sanksjonar har han utført på meg, i form av vennskapelege slag mot min skulder.
-        -  Gründercampen med han var ein spesiell oppleving. Han satt og så på Hotel Cæsar på sin Tv2 Sumo-konto

Kvar dag går han inn i klasserommet, nokon gonger seinare enn andre. Som oftast er han nokon minutt for sein, men det gjer ikkje noko, for han er ein praktkar av dei sjeldne. Inn kjem han med sin svarte joggebukse og blå boblejakke. Brillene sitt litt skeivt på, men det ser heilt greitt ut, for det er jo han! Han ser heilt avslappa ut. Eg går bort til han og spør han korleis det går med aksjane. Dei aksjane hans bestemmer humøret hans, så om dei ikkje går heilt bra så er ikkje humøret heilt på topp. Men som regel er aksjane heilt på topp, og da er jo humøret like så.  Eg synes det er artig å pirke litt borti han, for då får eg litt liv i ham. Elles er han altfor avslappa. Men han liker ikkje at eg gjer slik, så da må det sanksjoneras. Det gjer ikkje så mykje, for eg veit at energinivået hans høgnar litt. Da orkar han litt meir. Og da er han klar for ein ny skuledag!

mandag 5. mars 2012

Oppgave A

Han så ganske redd ut der han gikk. Lei seg. Men gutane kunne ikkje sjå det. Dei bare følgde vidare etter ham, som om dei var kjøttlystne hyenar, ropte ukvemsord til han. Eg bare sto der, på andre sida av gata, sa ingenting. Eg bare sto der og så på gutane følgje etter den stakkarslege mannen som ikkje hadde gjort nokon ting. Kva skulle eg gjere? Eg kunne ikkje bare stå og sjå på ein uskyldig mann bli hetsa og mobba. Så eg opna munnen, prøvde å seie noko. Eg sat i gong stemmebandet, det vibrerte, dirra, eg prøvde å presse nokon ord ut. Men i staden kom det nokon hese utpust som ikkje kunne høyrast. Så eg lat det bare passere. Så mannen gå vidare nedover, med to hyenar på slep.